Annonsørinnhold fra Høgskulen i Volda

ANNONSE:

Vil du lære meir om dokumentar­produksjon? 

No kan du ta vidareutdanning – ved sidan av jobb

Høgskulen i Volda

Høgskulen i Volda er kjent for attraktive medieutdanningar, innovative lærarutdanningar, mykje praksis og eit særleg godt studentmiljø. Med fleksible studieformer gjer vi det mogleg for deg å kombinere studium med arbeid og andre aktivitetar.

Dokumentar er ein av dei mest slagkraftige måtane å fortelje historier på. No kan du få vidareutdanning i dokumentarproduksjon – samtidig som du jobbar.

Vidareutdanninga gir deg kompetanse i historieforteljing og produksjon av dokumentar i lengre format. Gjennom studiet lærer du både idéutvikling, dramaturgi, research og produksjon – og du får tett rettleiing undervegs.

Undervisninga blir gitt av nokre av dei fremste fagfolka i dokumentarbransjen, i tillegg til faglærarar ved høgskulen.

Kan kombinerast med jobb

Deltidsstudiet er samlingsbasert, slik at det kan kombinerast med jobb eller andre studium. I løpet av studiet utviklar og produserer du to eigne dokumentarprosjekt, og du kan jobbe med både video og podkast.

Vidareutdanninga passar spesielt for deg som allereie har erfaring frå mediebransjen eller ei medieutdanning, og ønskjer å fordjupe deg i dokumentarforteljing – samtidig som du får formell kompetanse og studiepoeng.

Kan bli publisert i eigen redaksjon

Jobbar du i ein redaksjon og har eit dokumentarprosjekt du ønskjer å realisere? Då kan du utvikle og gjennomføre produksjonen som eksamensprosjekt, og kanskje få publisert dokumentaren i eigen redaksjon.

Studiet passar også for deg som ønskjer fagleg påfyll og vil utvikle dokumentarkompetansen din – uavhengig av om du jobbar i ein redaksjon i dag.

LES MEIR HER

———————————————-

Dette innholdet er betalt av en våre annonsører. Ønsker du å annonsere i Medier24? Kontakt oss på annonse@watchmedia.no.

Powered by Labrador CMS